Framsida
Søk
Feriehus id

Feriehus navn


Fjord Ferie Feriehus
Sæbøvikvegen 50
N-5454 Sæbøvik
Tlf: 907 33 709
Orgnr:881441012
----------------
Daglig leder: Kurt Henriksen
Mobil: 907 33 709
E-post: kurt@fjordferie.net
----------------
Booking/ Økonomi: Kjersti Sæbø Henriksen
E-post: kjersti@fjordferie.net
----------------
Kontortid:
Mandag - fredag
09.00 - 15.00
www.fjordferie.net

Borgundøy og Fjelbergøy

 
 

Fjelberg er til saman  to øyer. Borgundøy og Fjelbergøy. Folketalet mangedoblar seg i sommarhalvåret. Det kjem båtturistar i hopetal og antal fritidshus aukar stadig. 

 Borgundøy er den største av dei to øyene med  om lag 100 fastbuande. Her er det butikk, skule/barnehage, post i butikk, gjestehavn, fleire gardsbruk, utleigehytter og fiskeoppdrett med mange lokalitetar. Fjelberg har eige bygdehus der ein kan arrangere alt frå private festar, bygdekveldar, bryll, gravferd m.m. I Sjøståvo er det om sommaren PUB-kveldar i privat regi. Natureservatet Skåro ligg også på Borgundøy.

 

På Fjelbergøy er det ca 20 fastbuande. Den flotte reseurerte prestegarden og Fjelberg kyrkje frå 1722 ligg naturfint til på øya. Dette er eit av dei mest særprega og urørte anlegg i sitt slag. Fjelberg Prestegard kan leigast til arrangement , overnatting og er i tillegg ypperleg for kunstnarar som ynskjer å være ein plass der dei finn ro og inspirasjon. På øya finn ein to gardsbruk samt skyssbåtfirma. Det er tilrettelagt for bygging av fritidshus, meir informasjon finn ein på heimesida til Fjelberg utvikling og eigedom as.

 

Fjelberg ynskjer nye innbyggjarar velkommen, folk som kan tenkje seg å arbeide i Sunnhordland med bustad i Fjelberg eller folk som kan tenkje seg Fjelberg som sitt ferieparadis. Me har bustader og fritidshus for utleige for dei som vil flytta til oss,  men treng tid til å tenkje seg om.  

Fjelberg har ferjeforbindelse mot fastlandet 8 ganger pr. dag og hurtigbåtforbindelse mot Stord/Bergen 3 ganger pr.dag.

 

Fjelberg er eit fredeleg samfunn, ein stad der barna kan leike trygt og kor alle har tid til kvarandre. På skuleplassen finn ein ballbinge, leikeapparat og ei sjørøvarskute. I strendene rundt om på øya kan ein fange småkrabbar og småfisk.

 

Øysamfunn er vane med å vere sjølvberga. Me har ein velutstyrt Landhandel, som i tillegg til daglegvarer sel fiskeutstyr, propangass, diesel og bensin. Livet utanfor butikken på dagtid er svært sosialt, her treff ein naboar, båtturistar og kaffikanna syter  handelsmannen og kona for.

 

Utleigehytter finnest fleire stadar på Fjelberg. Hyttene har jamt over god standard og kan leigast med eller utan båt. Skulegrupper , musikkorps og andre kan leige Fjelberg bygdahus til seminar og treff med overnatting. Mat og serveringstenester kan ein tinga hjå Sjøstova, Prestegarden og bygdahuset.

 

Fjelberg har kystklima. Vinteren er sjeldan hard, sjølv om ein må rekna med korte periodar med frost og snø.  Skiføre har me ikkje, men gode plassar for å stå på ski finst innan kort rekkevidde.

 

Fjelberg har eit rikt natur og kulturlandskap. Skapt gjennom 2000 år med menneskeleg slit, er biletet av Fjelberg som eit lappeteppe med bøar, gardar, småbruk, eldgamle skiferbrot, kalkomnar, og staseleg furuskog. Villsauen og hjorten held fortsatt til oppe i lia og på tur gjennom skogen kjem du kanskje over tiurleik eller glimtar havørna som seglar ut over havet.

VELKOMMEN TIL FJELBERG- me har bruk for Dykk !

 

For turistinformasjon: www.visitsunnhordland.no

 
 
 

Feriehus på dette stedet

F11 - Brekke Hytte 1
F12 - Brekke Hytte 2
F31 - Dyrnes Fjordhytter F31-F32
H1 - Arnavik Feriehus
WebCam


Sæbøvik - Halsnøy
Reklame

Breføring på Folgefonna

Et høydepunkt i ferien din!
Feriehus til leie til alle årstider! www.fjordferie.net
Dynamiske websider: iDrift AS   Grafisk design: iBox AS